top of page
flaamzipline_myrull.jpg

Velkommen til Nordens lengste Zipline!

Flåm Zipline er den lengste ziplinen i Norden, heile 1381m lang. Ziplinen startar på Vatnahalsen, like ved Bergensbana. Den endar opp ved Kårdalstølen, øvst i Flåmsdalen. 

LENGDE

1381 meter

TOPPFART

Omlag 100 km/t

HØGDESKILNAD

305 meter

Booking norge

Booking

Info

Praktisk informasjon

  • Minimumsvekt 25kg

  • Maksimalvekt 140kg

  • Ikkje tillate å vera rusa

  • Helse: Er du gravid, har rygg-, nakke-, hjarte-, lungeproblem, epilepsi eller andre sjukdommar som kan føra til anfall, bør du sjølv vurdera om det er forsvarleg å ta ziplinen

  • Ved dårleg vær kan ziplinen av sikkerhetsmessige årsakar stengjast

  • Syklar og større bagasje kan sendast ned med heisen utan ekstra kostnad

Slik kjem du deg hit

  • Ta Flåmsbana opp til Vatnahalsen stasjon. Frå stasjonen er det berre eit par minuttar å gå bort til topp-punktet for ziplinen.  

  • Kjem du med Bergensbana til Myrdal er det 1,5km, eller berre omlag eit kvarter å gå i retning Vatnahalsen stasjon. Du kan og ta Flåmsbana ein stasjon frå Myrdal til Vatnahalsen, så er du like ved. 

  • Myrdal stasjon ligg ca 45 minutt med tog frå Voss, og omlag ein time frå Geilo. 

  • Kjem du syklande eller gåande frå fjellet på Rallarvegen, går vegen rett forbi. Sykkelen får du med deg ned i eigen heis uten ekstra kostnad.

  • Har du bil kan du køyra fram dalen til ein liten parkeringsplass litt framom Blomheller stasjon. Derfra er det fint å gå den gamle anleggsvegen vidare fram dalen, forbi Kårdalstølen, og vidare opp dei 21 svingane til topp-punktet for Ziplinen. Dette er ein flott tur på 6km. Dei 4 første km er lette å gå, dei to siste noko tyngre. Til gjengjeld kjem du tett på naturen og fossane som kastar seg utfor fjellsidene.

  • Ved Kårdalstølen har me syklar til utleige, slik at du evt. kan sykla ned til Flåm etter ziplineeventyret.

FlaamZiplineIngrid_edited.jpg

Åpningstider 2025

ÅPNINGSTIDER 3.05-11.10 2025

MANDAG / TIRSDAG / ONSDAG / TORSDAG / FREDAG / LAURDAG / SØNDAG

09:30-16:30​

 

ÅPNINGSTIDER 5.7-23.08 2025

MANDAG / TIRSDAG / ONSDAG / TORSDAG / FREDAG / LAURDAG / SØNDAG

09:30-18:00

Åpningstider
Kontakt

Contact

Flåm Zipline AS

+47 482 09 520

  • Facebook
  • Instagram

Thanks!

bottom of page